Pilegrimsleiene


I mellomalderen gjekk mange på pilegrimsvandring til Nidarosdomen i Trondheim. I dag er pilegrimsleiene rydda og merkte stiar og vegar baserte på ferdselsårene som blei brukte den gongen.

Pilegrimar på Dovre
Pilegrimar på Dovre.
© Ragnhild Hoel

Den første godkjende leia blei etablert i perioden frå 1994 til 1997 i eit samarbeid mellom Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, fylke og kommunar.

Populære turvegar

Pilegrimsleiene i Noreg er turvegar baserte på tradisjonen for å dra på pilegrimsvandring. Leiene er bundne saman av natur- og kulturminne med religiøs tilknyting til mellomalderen og minne knytte til olavstradisjonen.

Pilegrimsleiene er blitt populære turvegar for lokalbefolkninga, og samtidig utgjer dei sjølve ryggrada i arbeidet med å etablere Nidarosdomen som pilegrimsmål.

I utgangspunktet er gamle vegar og vegfar tekne i bruk. Nokre endringar er gjorde, mellom anna av omsyn til gardbrukarar og fordi enkelte av vegane ikkje eksisterer lenger.

Godkjende leier

Alle godkjende pilegrimsleier skal i utgangspunktet føre til Trondheim. Riksantikvaren har ansvaret for å godkjenne leiene.

Den første godkjende leia går frå Oslo til Trondheim og Stiklestad. I etterkant har Riksantikvaren òg godkjent leier gjennom Østerdalen, Romboleia frå Sverige gjennom Selbu og Tydal og leia frå Grong via Stiklestad til Trondheim.

I mai 2005 blei arbeidet med å vurdere og godkjenne justeringar av traseane for godkjende leier overdrege frå Riksantikvaren til fylkeskommunane.

Idé frå Oppland

Ideen om pilegrimsleiene blei opphavleg lansert av Fylkesmannen i Oppland for Miljøverndepartementet i 1992. Den første prosjektperioden starta i 1994, og fram til 1997 var både Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren engasjerte med ein prosjektleiar kvar.

Det blei i 2005 etablert eit samarbeidsforum med representantar frå kommunar, fylke, Innovasjon Noreg, Den norske kyrkja, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning. DN var sekretariat for forumet frå 2005 til 2007. Riksantikvaren overtok ansvaret i september 2007.

Fornya satsing

Riksantikvaren starta i 2007 «Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet». Programmet varte ut 2010. Pilotprosjekt Pilegrimsleia blei teke inn i programmet, og det har mellom anna ført til ei fornya satsing på å halde leiene ved like, merkje dei og arbeide med organiserte vandringar.

Frå nyttår 2011 blir arbeidet i pilotprosjektet vidareført av det mellombelse nasjonale pilegrimssenteret som er organisert som eit prosjekt under Riksantikvaren med ei breitt samansett styringsgruppe med representantar frå Den norske kyrkja, fylkeskommunane og involverte statlege myndigheiter.

Departementa arbeider med ein nasjonal strategi knytt til satsinga på pilegrimsleia. I samband med det vil ein i 2012 vurdere å etablere senteret permanent.

Nasjonalt pilegrimssenter vil hjelpe pilegrimssektoren i heile landet med å leggje til rette for auka, berekraftig bruk av pilegrimsleiene.

Blir avmerkte i kart

Arbeidet med å kartfeste, rydde og merkje pilegrimsleiene starta i 1994. Rutenettverket er no på over 200 mil berre i Noreg. På nettstaden «Pilegrimsledene til Nidaros», som Nasjonalt Pilegrimssenter har utvikla, finn ein eit oversiktskart over pilegrimsleiene til Trondheim og informasjon om bruk av vandringsplanleggjaren og vegvisaren (sjå menyen til høgre).

Oppdatert: 05.01.2012