Journalen er også å finna på Offentleg elektronisk postjournal (OEP), www.oep.no. Her kan du gjera både enkle og meir avanserte søk etter dokument produserte eller mottekne av statsforvaltninga langt bakover i tid.
Journalførte brev som gjeld melding om registrert kadaver er tekne vekk frå den offentlege journalen vår. Det er fordi det er mange av dei, og dei gjer det vanskelegare å finna det ein leitar etter. Dersom du ynskjer innsyn i desse breva, kan du be om å få tilsendt fullstendig offentleg journal. Kontakt postmottak@dirnat.no.
Du tingar dokument frå postjournalen ved å bruka eit bestillingsskjema. Me kan senda dokument på e-post, faks eller post.