Overvaking av sur nedbør

Gjennom store delar av 1900-talet var sur nedbør eit av dei største miljøproblema i Noreg og for ferskvatn var forsuring av vassdrag og innsjøar den enkeltfaktor med størst negativ effekt på biologisk mangfold. I de mest ramma vassdraga på Sørlandet blei rundt 50 prosent av artane utrydda på grunn av forsuring.

Forsuringsproblemet var og er konsentrert frå Sør-Noreg sør for Stadt og Dovre, til austlege delar av Finnmark. Årsaka er tilførsel av forsurande svovel- og nitrogenkomponentar via atmosfæren frå industrien i Storbritannia og sentraleuropa og nordvest-Russland.

Dette fører til forsuring av nedbøren i Sør-Noreg og Aust-Finnmark. Normalt vil kjemiske prosessar i jorda nøtralisere syre i nedbøren. Store delar av Noreg har kalkfattig og til dels svært kalkfattig berggrunn og den sure nedbøren blir ikkje nøytralisert før den når vassdrag og innsjøar.

Fiskedød på grunn av forsuring alt i 1910

Episodar med med fiskedød på Sørlandet skjedde alt rundt 1910. Årsaka var truleg forsuring. Forsuringa fikk særleg stort omfang i tida etter krigen og først i løpet av 60-åra blei mysteriet om fiskedød løyst og årsakene til forsuring klarlagt.

Den første internasjonale avtalen om reduksjon av svovelutslepp til atmosfæren kom i 1980 og forsuringa hadde sitt største omfang rundt midten av 1980-talet. Det er kalkulert med at 9 600 innsjølevande fiskebestandar, mest aure, var gått tapt og 5 400 bestandar var skadd av forsuring.

Overvakingsprogrammet

Overvakingsprogrammet for langtransportert forurenset luft og nedbør kom i gang i 1980. Klima- og forureiningsdirektoratet har vore koordinator for programmet og Direktoratet for naturforvaltning har hatt ansvaret for den biologiske delen av programmet. Frå starten omfatta programmet fisk og botndyr i elver.

I 1996 starta eit innsjøprogram som omfatta ca. 100 innsjøar der vasskjemi, botndyr, dyreplankton og fisk er blitt undersøkt.

Resultat vasskjemi

Reduserte utslepp av svovel i Europa har medført at konsentrasjonen av sulfat i nedbør i Noreg har avtatt med mellom 60 og 85 prosent frå 1980 til 2008. I elver og innsjøar er reduksjonen i sulfatinnhald mellom ca. 40 og 80 prosent i den same perioden. Desse endringane er i samsvar med rapporterte endringar i utslepp i Europa. Likevel er det langt igjen før problemet med forsuring er løyst i Noreg.

Framleis mottar store delar av Sør-Noreg meir forsurande komponentar inedbør enn det naturen greier å ta hand om. Resultatet er framleis forsura vatn i mange vassdrag og store skader på biologiske samfunn. Men vi ser ein bedring også i det akvatiske miljøet med ein begynnande, men ustabil gjenhenting av botndyr- og krepsdyrsamfunn og bedre rekruttering hos fisk.

Resultat invertebratar

Overvaking av botndyr i elver viser at skadene generelt er avtakande, ein trend som starta ca. 1990, med aukande andelar av forsuringsfølsomme artar. Det er i første rekke lokalitetane i dei mest forsura områda i sørvest som blir bedre. Tendensen er ein betydeleg bedring frå 1990 til 2000, mindre markert bedring etter 2000. Mangfoldet er likevel lågt samanlikna med uforsura lokalitetar i same region. Det typiske i desse områda er at rekoloniseringa av dei mest forsuringsfølsomme artane er ustabil med sporadisk forkomst.

I innsjøane har det totalt sett vore små endringar for invertebratane etter at overvakinga kom i gang mot slutten av 1990-talet. For tre av innsjøane er endringa likevel så eintydig at vi kan snakke om ei byrjande gjenhenting av invertebratfaunaen. Men generelt er mengden av forsuringsfølsomme invertebratar framleis låg og ustabil. Interessant og overraskande er det at resultata indikerer noe mindre gunstige forhold i 2005-2007 samanlikna med tidleg på 2000-talet.

Resultat fisk

Det er nå registrert ein positiv utvikling hos fisk i fleire regionar, spesielt i sørvestlige område og i Aust-Finnmark. Men enkelte bestandar i Sør-Noreg har framleis tynne bestandar som truleg skuldast forsuring. I tillegg er det ennå ikkje reetablert fisk i mange innsjøar der dei stadeigne bestandane er tapt. I dei mest forusingsbelasta områda er derfor situasjonen for fisk framleis alvorleg.

Oppdatert: 12.08.2010
Kontakt
Steinar Sandøy seniorrådgiver
TLF: 73 58 07 28