Døypt av Aasmund Olavsson Vinje og ridd av Peer Gynt. Dette mektige området med det ville landskapet og dei høgaste fjella i Nord-Europa har inspirert nordmenn i fleire tusen år. Frå steinaldermenneske til dagens fjellvandrarar.
Området har bratte fjell og ville brear. Fleire av de høgaste fjelltoppane i Nord-Europa fins her. Her er mange brear egna for brevandring, men hugs at det er stor fare med å røre seg på breane uten naudsynt utstyr og lokalkjent førar.
Norsk Fjellmuseum er nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen. Senteret ligg i Lom sentrum, ein viktig innfallsport til nasjonalparkene.
I 2008 vart Lom peika ut som nasjonalparklandsby. Målet er å styrke lokal verdiskaping med utgangspunkt i nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.