Det største høgfjellsplatået i Nord-Europa

Hardangervidda nasjonalpark er Noregs største, og representerer eit særleg verdifullt høgfjellsområde. Området er viktig som tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og den sørlegaste utposten for fjellrev, snøugle og mange andre artar av arktiske planter og dyr.
Fjellvidda med dei tusen sjøar er og eit eldorado for fjellvandrarar med
telt og fiskestong. 
Fakta om nasjonalparken
Fylker: Buskerud, Hordaland og Telemark
Opprettet: 10.04.1981
Totalt areal: 3422 km2
Kvitno

Naturoppleving

Hardangervidda er eit eldorado for fjellvandrarar med telt og fiskestong. Området er kjent for sine mange fiskerike vatn og vassdrag med fin fjellaure.
Hårteigen sett mot vest

Landskap

Hardangervidda er eit typisk høgfjellsplatå med lange flyer og bølgjande fjellparti. Berre i vest er fjella meir dramatiske.
Blålyng

Dyr og planter

Området har dei største villreinflokkane i Europa. Som følgje av berggrunn og klima vekslar vegetasjonen frå dei vestlege til dei austlege delane av vidda.