Villreinbase

Dette er ei kartteneste til bruk i forvaltninga av villreinens leveområde. Her kan du sjå data om villreinens leveområde som kommunar, villreinnemder, villreinutval og fylkesmenn til no har samla.
Villrein
Villrein
© Kim Abel/Naturarkivet
Åpne villreinbaseSiktemålet med Villreinbase er å gje alle aktørar i forvaltninga av villreinområda tilgang på den same informasjonen.

Slik bruker du kartet

Innsynet er kartbasert, og du får opp eit norgeskart når du startar. Du kan zooma deg inn og ut av kartet, og du kan slå av og på tema alt etter kva du har lyst til å sjå på. Det løner seg å zooma til det området du er interessert i før du slår på temaene. Når du har slått på temaknappen, bruk knappen Oppdater kart. For nokre kartlag kan du sjå på informasjon om det enkelte kartobjekt gjennom i-knappen i kartet.

Ver merksam på at det kan ta noko tid å lasta opp tunge kartlag som beiteklassar og kommuneplanar. Desse datasetta vert ikkje synlege før i målestokkar under 1:100 000. Nokre andre datasett vert heller ikkje synlege i små målestokkar.

Du kan også laste ned mange av våre WMS-data på vektorformat for lagring og bruk på din eigen datamaskin.

Informasjon frå fleire aktørar

Dataene er tilrettelagt for fagsystemet Naturbase, som er eigd av Direktoratet for naturforvaltning. Datagrunnlaget er ikkje fullstendig, geografisk og tematisk, men det er arbeid i gang med å samle data frå alle villreinområda.

Saman med lokale og regionale datasett viser kartklienten også fram villreindata, inngrepsdata og planinformasjon som er samla og tilrettelagt av nasjonale aktørar, m.a. Norsk Institutt for Naturforskning, Statens Kartverk og Den Norske Turistforening. ??
Oppdatert: 15.02.2010