Marine data


Dette er ei Internett-basert kartteneste til bruk i forvaltinga av marine område i Noreg. Kartklienten inneheld ei samling karttenester frå ulike dataleverandørar, og her kan du sjå datasetta Marine sektorer og Fjordkatalogen og datasett frå Naturbase.no.

Sjøroser på sandbunn.
Sjøroser på sandbotn.
© Erling Svensen

Opne kartDirektoratet for naturforvaltning forvaltar desse datasetta saman med data frå andre institusjonar og etatar. Kartlaga blir lasta direkte ned frå serverane til dataeigarane som WMS-kart

Kartlegging av marine naturtypar

I samband med Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald har det sidan 2003 vore eit delprosjekt som har hatt fokus på det marine miljøet – spesielt kartlegging av marine naturtypar i kystsona. 

Målet har vore å etablere kostnadseffektive kartleggingsmetodar og ei formålstenleg organisering av arbeidet som er beskrive i den reviderte utgåva av DN-handbok nr. 19, Kartlegging av marint biologisk mangfold.

Nødvendig med eit godt kartgrunnlag

I tillegg har etableringa av eit godt kartgrunnlag vore rekna som heilt nødvendig for å kunne utføre ei kostnadseffektiv kartlegging. Norsk institutt for vassforsking, Havforskingsinstituttet og Noregs geologiske undersøking har vore sentrale aktørar i arbeidet med å kartleggje dei marine naturtypane.

For å synleggjere det som er gjort i prosjektet så langt, er denne Internett-baserte karttenesta etablert til bruk i forvaltinga av marine område i Noreg.

Kartbasert innsyn

Innsynet er kartbasert, og du får opp eit noregskart når du startar. Du kan zoome deg inn i og ut av kartet, og du kan slå av og på tema alt etter kva du har lyst til å sjå på. Ver merksam på at det kan ta noko tid å få teikna opp tunge kartlag som Fjordkatalogen.

Ein del av datasetta er ikkje synlege før på større målestokkar, det vil seie at du må zoome deg inn i kartet før det blir teikna ut. For enkelte kartlag kan du sjå på informasjon om det enkelte kartobjektet ved å bruke i-knappen på kartet.

Du kan òg laste ned mange av WMS-dataa til DN på vektorformat for å lagre og bruke dei på di eiga datamaskin.

Direktoratet for naturforvaltning har utvikla kartløysinga og står for den faglege og tekniske drifta av systemet.

 

Oppdatert: 06.07.2012