Naturbase gir deg kartfesta informasjon om utvalde natur- og friluftslivsområde. Kartet er nyttig for mellom anna kommunale planleggjarar, konsulentar, grunneigarar og lokalt reiseliv. Du kan òg skreddarsy ditt eige turkart.
Opne Naturbase Naturbase er etablert for å gi avgjerdsstøtte til miljøforvalting i stat og fylke, til kommuneplanlegging og til anna arealforvalting. Naturbase gir deg den offisielle oversikta over verneområde, statleg sikra friluftslivsområde og kartlagde område med utvalde naturtypar og økologiske funksjonsområde for prioriterte artar.
Naturbase viser data frå fleire kjelder, mellom anna Direktoratet for naturforvaltning (DN), Artsdatabanken, Norsk polarinstitutt og Skog og landskap. Fylkesmennene, fylkeskommunane og kommunane er krumtappar i arbeidet med å samle inn og halde DN sine data i Naturbase ved like.
Når du opnar Naturbase, får du opp eit kart over Noreg og Svalbard. I menyen til venstre kan du velje kva data du vil sjå på. Over kartet finn du ei rekkje verktøy som hjelper deg med å manøvrere i kartet, finne informasjon om område, spørje mot data, teikne i kartet, lagre kartbilete med meir. Ved oppstart har du tilgang til dei viktigaste verktøya, som manøvrering og spørjing etter informasjon.
Øvst til venstre kan du velje karttema Svalbard og nordområda, og da får du tilgang til spesielle forvaltingsdata for dette området.
DN har lagd ei innføring i korleis du kan bruke Naturbase. Ver merksam på at løysinga nyttar programvaren Silverlight frå Microsoft, og denne må du eventuelt installere for å kunne bruke Naturbase.
Meir informasjon om DN sine datasett kan du finne i DNs kartkatalog, sjå under Eksterne lenker til høgre på sida.
Du kan få tatt ut lister over område pr. fylke eller kommune, sjå under Eksterne lenker.
Direktoratet for naturforvaltning er særs interessert i forslag til korleis vi kan gjere løysinga enda betre for alle slags brukarar. Send ein e-post til vår kontaktperson med dine spørsmål eller forslag.
Vil du vite meir om korleis vi arbeider for å sikre best mogleg kvalitet på data om biologisk mangfald og verneområde, kan du lese instruksane på kvalitetssikringssidene våre.
Dei som ønskjer å bruke DN sine data i eigne system kan laste ned data frå direktoratet si nye nedlastingsløysing, sjå under Eksterne lenker til høgre på sida. Denne løysinga eksporterer til SOSI-format og Esri geodatabase. På kartkatalogen kan ein hente oppdaterte Shapefiler for mange datasett.
Oppdatert: 01.02.2013