Dette er en kommentar fra Morten Sleire på høringen:
Høring på revisjon av forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst

Ja til buejakt i Norge.

Eg håpar att buejakt i Norge kan gjenninnførast. Det har fra tidenes morgen vore brukt bue til jakt i Norge. Men ein lovendring på 1970 tallet gjorde att buejakt ikkje lenger lovlegt i Norge, medan dei øvrige Nordiske landa har opna for buejakt.

Moderne jaktbuer , med tilhøyrande utstyr som; avtrekkere, sikter , piler og jaktspisser har hatt ei formidabel utvikling og forbedring dei siste åra. I dag er ein moderne jaktbue like effektivt som eit skytevåpen dreve av krutt.

Buejakt foregår på mykje kortare avstander enn kva bruk av skytevåpen gjer og faren for skadeskyting vert då mindre og ein skyt bere på dyr som står i ro i skuddøyeblikket.

Det krev mykje av buejegaren for å drive buejakt og dette vert neppe noko fleirtallet av dagens jegere vil drive med. Det krev lang trening og nøye oppsett av bue og utstyr , så dette vert ei jaktform som ikkje alle har tålmodighet eller tid til å utøve.

Så innfanfor 0-40 meter er ei bue like effektivt, som bruk av kruttdrevne våpen.

I det moderne samfunnet, er trenden å komme tilbake til naturen, komme nærmare naturen og leve meir med pakt i naturen.

Buejakt må seiast å være svært miljøvennlegt og meir i pakt med naturen, enn mange andre jaktformer.

Dyrelivet og omgivelsene vert mindre forstyrra ved bruk av bue, då ei bue er tilnærma lydløs og utgjer ikkje noko fare for rikosjetter eller kuler på avveie som kan treffe uskyldige mål.

Ein har i det siste sett fokus på bruk av bly i ammunisjon og evt helseskader dette kan medføre. Her er fagmiljøa usamde og det gjennstår mykje forskning på området før ein kan trekkje endelige konklusjonar om emnet.

Ved bruk av bue , er ein 100% på att det ikkje vert avsett bly eller skadelige metallfragmenter i det felte viltet.

Buespisser ekspanderer ikkje men skjærer ein stor sårkanal som sikrer hurtig utblødning og hurtig fall.

Det er ein del som oppfatter buejakt som rein underhaldning. I samfunnet i dag er nesten all jakt utelukka matauk og rekreasjon. Kan ikkje sjå att Buejakt skal være meir ”underhaldning” enn dei andre jaktformene som vert utøvd i Norge. Men eg vil heller sei att buejakt er meir på dyra si side enn tradisjonell jakt med skytevåpen, då det er mykje meir krevande og vanskelig å felle bytte med bue.

Oppdatert: 26.09.2011