Mnemosynesommarfugl er i Norge berre kjent frå nokre få sørvendte rasmarker på Vestlandet frå Aurland i sør til Sunndal i nord. Dette litt merkelege namnet på ein norsk dyreart viser til gudinna for minne som i gresk mytologi heiter Mnemosyne. Denne sommarfuglen er i tilbakegang og truga i fleire europeiske land og er omfatta av Bernkonvensjonen for bevaring av ville dyr og planter i Europa.
Mnemosynesommarfuglen er heilt borte frå Danmark, i sterk tilbakegang i Finland og til dels i Sverige, og har truleg i dag sine største nordiske bestandar på Vestlandet.
På den norske raudlista har arten status som sårbar og han er ein av 11 insektartar som er totalfreda her i landet mot all skade og øydelegging. I 2009 vart det utarbeidd ein handlingsplan for mnesosynesommarfuglen som har som målsetting å sikre langsiktig overleving for arten i livskraftige populasjonar.
Arten vart først påvist her i landet så seint som i 1936 ovafor Onilsavatnet i Tafjord i Norddal kommune. Seinare er han funne i kommunane Oppdal, Sunndal, Nesset, Stranda, Luster og Aurland. Sommarfuglen er i landet vårt knytt til sørvendte, bratte rasmarker med eit varmt lokalklima der jamlege snøras held trevegetasjonen nede. I tilknyting til slike rasmarker veks i frodig og næringsrik lauvskog ofte plantearten vanleg lerkespore som er ei nødvendig næringskjelde for larvene til mnemosynesommarfuglen.
Desse leveområda står i sterk kontrast til biotopane for mnemosynesommarfuglen i Sør-Skandinavia der vi finn han i skjergarden, i opne lyse skogar og i kulturlandskapet. Også i tilknyting til våre rasmarker med denne sommarfuglen tek arten ofte i bruk såkalla sekundærbiotopar som blomsterrike vegkantar, kraftgater og dyrka mark.
Mnemosynesommarfuglen er ein av dei insektartane vi veit mest om i Norge når det gjeld bestandsutvikling og genetikk gjennom svært omfattande undersøkingar på i alt sju lokalitetar i Sunndal i perioden 1988-2001, der i alt 4047 individ vart merka for seinare attkjenning. Sentrale resultat frå denne forskinga er nærare omtalt i handlingsplanen. Undersøkinga viste mellom anna at bestandane varierte mykje frå år til år der vertilhøva i juni var viktige. Meir langsiktige bestandsendringar for arten i landet vårt har vi ikkje kunnskap om, og vi veit difor ikkje om denne sommarfuglen har fått endra bestandstilhøve hos oss i nyare tid.
Rasmarker med mnemosynesommarfugl er generelt ein lite truga naturtype. Vi finn likevel eksempel på at viktige biotopar har vorte neddemt for kraftproduksjon. Eit moderat beite vil være gunstig for å unngå attgroing der snøras ikkje held skogen nede, medan eit for sterkt beitetrykk kan redusere tilgangen på næringsvekster for arten. Elles er mnemosynesommarfuglen lett å fange og attraktiv for mange samlarar. Ein markert bestandsreduksjon på ein lokalitet i Sunndal først på 1990-talet kan skuldast slik aktivitet.
Handlingsplanen forslår at ein bør vurdere behovet for skjøtsel på kjente lokalitetar og deretter utføre skjøtselstiltak der det måtte vere ønskjeleg, starte opp informasjonsarbeid om arten samt ta opp att bestandsstudiane i Sunndal. Dessutan er det gjort framlegg om å gjennomføre søk etter uoppdaga lokalitetar for mnemosynesommarfugl ved bruk av gisanalyse og utføre nærare bestandsanalysar også på lokalitetar utanom Sunndal.
Oppfølging av handlingsplanen er lagt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.