Heilskapleg forvalting av naturen er naudsynt for å tilpasse oss klimaendringane, meiner det offentleg oppnemnde klimatilpassingsutvalet.
I knappe to år har utvalet arbeidd med ein rapport om kor sårbare ulike samfunnsområde er for eit endra klima, og kva for tilpassingar Noreg må gjere for å møte desse endringane. Utvalet konkluderer med at god tilpassing i dag er ein føresetnad for at Noreg skal vere mindre sårbart i framtida.
– Denne rapporten viser at vi ikkje har tid å misse, men raskt må få på plass tiltak som kan redusere konsekvensane av klimaendringane, seier avdelingsdirektør Yngve Svarte i Direktoratet for naturforvaltning (DN).
I rapporten skriv utvalet at naturmiljøet allereie er utsett for ei rekkje stressfaktorar som påverkar økosystema i naturen. Dei konkluderer med at naturmiljøet er serleg sårbart for klimaendringar fordi dette kjem på toppen av annan påverknad og at det er vanskeleg å gjere avbøtande tiltak. Dei viser til at klimaendringane òg kan auke presset og aktiviteten i område som i dag er lite utsette for inngrep.
I tilrådingane heiter det at samfunnet må forvalte areal og naturressursar slik at den totale belastinga vert så liten som mogleg. Utvalet skriv mellom anna: ”Klimaendringane forsterkar behovet for ei naturvalting som baserer seg på omsynet til økosystema, såkalla økosystembasert naturforvaltning.”
– Dette rådet er eit kjernepunkt. Historia har lært oss at ei rekkje små inngrep eller påverknadar til saman kan skape formidable problem. Då er det rett å forvalte naturen etter den samla belastinga han er utsett for, seier Svarte.
Utvalet rår til styrka forsking på kva effekt klimaendringane kan gje for nøkkelartar i økosystema, og for heile økosystem. Dei peikar på at næringar som nyttar naturressursar må ta omsyn til økosystemet si bereevne. Dei viser og til at forvaltinga av dei menneskelege aktivitetane i naturen må være heilskapleg og at alle interessegrupper må ha ei felles målsetjing.
Tiltak for å tilpasse samfunnet til klimaendringar kan ifølgje utvalet ha negative følgjer. For eksempel kan positive tiltak innan eitt samfunnsområde vere til skade for naturmangfaldet. Utvalet meiner difor at det må vere eit overordna prinsipp at ein alltid vurderer kva konsekvensar ulike tilpassingstiltak kan få for utslepp av klimagassar, forureining og naturmiljø.
Dei minner om at det er dyrare for samfunnet å reparere i etterkant enn å førebyggje i forkant. Difor må klimatilpassinga byggje på prinsippa som ligg til grunn i miljø- og klimapolitikken, som det å vere føre var og å halde den samla belastinga på naturmiljøet innanfor sikre tolegrenser.
– Dette er i tråd med Direktoratet for naturforvaltning sitt syn om at naturmiljøet må få ein meir sentral plass i vurderingar hos ulike sektorar som planlegg tiltak som påverkar naturmiljøet, meiner Yngve Svarte.
Utvalet slår fast at det er stor behov for samarbeid mellom ulike sektorar når ein set inn tiltak for å tilpasse samfunnet til klimaendringane. Rapporten deira inneheld fleire eksempel på at ein treng å involvere andre sektorområde enn den reine naturforvaltinga:
Eit anna råd er at klimatilpassing ikkje må verte lausreve frå planlegginga elles. Dette inneber at styresmaktene som har ansvar for eit samfunnsområde, òg må ha ansvaret for å handtere konsekvensane av at klimaet endrar seg. Omsynet til klimaendringane må integrerast i ordinære planleggings- og avgjerdsprosessar.
Rapporten frå Klimatilpassingsutvalet er no overlevert til regjeringa ved Miljøverndepartementet.
Yngve Svarte TLF: 73 58 07 03
MOB: 917 99 607