Jostedalsbreområdet har lange tradisjonar som eit attraktivt turområde, spesielt for brevandring og toppturar.
Dei seinare åra har særleg vårskiturar «breen på langs» – gjerne med ein avstikkar til den høgaste fjelltoppen, Lodalskåpa, vorte populære. Utan naudsynt kunnskap og breutstyr er ferdsel på bre farleg!
Dei gamle ferdselsvegane mellom dalane kring breen t.d. gjennom Oldeskardet og Supphelleskardet er spennande fotturar. For turistane har Jostedalsbreen – særleg med brearmane i Briksdalen, Fjærland og ved Nigardsbreen – lenge vore eit namngjete reisemål.
I Kjenndalen og Austerdalen går det stiar inn mot breen.
Du kan overnatte på campingplassar, pensjonat og turisthotell i dalane utafor nasjonalparken, eller på turlagshytter o.l. som ligg kring breen nokre timars fottur frå bilveg.
U-forma dalar, morenar, blankskurde fjellsider, breelvsletter, rasmarker og urer – i uminnelege tider har is og vatn forma eit landskap i stadig endring.

Sprudlande bekkar, elvar og fossar i fjellsider og dalar kjenneteiknar området. Stryne- og Loenvassdraga høyrer til dei rikaste og mest varierte i landet.
Jostedalsbreen er ein platåbre med mange brearmar frå omlag 300 til 2,000 m o.h. Medrekna fleire mindre brear er omlag halvparten av nasjonalparken bredekt.
Mykje av Jostedals-breområdet sin nasjonale verdi for naturvern og friluftsliv ligg i at området er eit av dei største vi har att i Sør-Noreg med samanhengjande urørd natur.
Brear vert danna som følgje av overskot med snø om vinteren i høve til avsmeltinga om sommaren. Det kan vere kaldt, skya og vindfullt oppå breen, samstundes som det er varmt, sol og vindstille i dalane. Frost og snøfall kan førekome på breen heile året.
Nyare forsking tyder på at Jostedalsbreen var heilt vekksmelta for 8 000–5 000 år sidan. Breen nådde eit nytt maksimum i «den lille istida» kring år 1750. Fleire stader vart då gardar tekne av den framrykkande breen: Brenndalsbreen sine ismassar kalva ned på garden Tungøyane i Oldedalen og garden Nigard vart rasert av Nigardsbreen.
Den enorme spennvidda i naturtypar over korte avstandar skuldast store variasjonar i lokalklima, store høgdeskilnader og påverknad frå breane.
I låglandet veks frodig edellauvskog med alm og lind og varmekrevjande planter som breiflangre og vårerteknapp, medan 1500 m «rett opp» veks alpin vegetasjon med t.d. issoleie og greplyng.
Framfor bretungene i låglandet set pionerplanter som raudsildre og brearve farge på det grå landskapet. Flaummarkskogen på dei slake breelvslettene er tilpassa elvane si skifting i vassføring og elveløp.
