Reinheimen kan by på allsidige og rike turopplevingar. Det meste av området er eit villmarksområde som i liten grad er tilrettelagt for friluftsliv, men i Tafjordfjella og vestlege delar av Skjåk finst merka stiar og turisthytter i og inntil nasjonalparken.
Det finst og ein del hytter til utleige. Av omsyn til den sårbare villreinstammen har det ikkje vore ønskje om å marknadsføre eller kanalisere større ferdsel inn i området. Skal du ferdast i desse områda, må du basere deg på å bere telt og anna utstyr i ryggsekken.
Tradisjonelt har bygdefolket brukt området til beite- og seterdrift, fiske, reins- og småviltjakt. Det vert sett ut aure i mange av fjellvatna.
Som besøkande i området kan du få kjøpt fiskekort. Garnfiske er oftast reservert dei innanbygdsbuande. Spør om gode tips!
Du treng kort for å jakte både småvilt og rein. Reinsjakta er svært populært med mange gonger fleire søkarar enn det er kort. Villreinen i Reinheimen har opphav i tidlegare tamreindrift. Han er difor mindre sky enn dei opphavlege villreinstammane.
I dei høgastliggande fjellområda er det lite vegetasjon. Ur og blokkhav er tilgrodde med steinlav. I austlege område finn du tørre og næringsfattige hei- og rabbesamfunn.
Her er dei viktigaste vinterbeita til reinen. Lenger vest er det frodigare med snøleier og meir gras og urtar. Dette er viktige sommarbeite både for rein og sau. Ved Slådalsvegen lengst aust i området finn du ein artsrik og svært interessant kalkkrevjande fjellflora. Berre dei aller beste klassiske "plantefjella" i Sør-Noreg kan oppvise eit større mangfald med fleire sjeldsynte artar.
Reinheimen har ein artsrik fauna. Området er eitt av dei beste og mest produktive villreinområda i landet, med høge vekter og stor kalvetilvekst. Villreinen finn gode beiteområde i Reinheimen gjennom heile året. Det er få større inngrep i området, og liten ferdsel som forstyrrar reinen.
Ta omsyn til reinen om du skulle gå deg på ein flokk. Set deg ned og lat dyra passere forbi deg, eller trekk unna og gå rundt på minst 4-500 meters avstand. Unngå at dyra får lukta av deg, gå på den sida av dyra som vinden bles mot! Jerven har kome attende til dette høgfjellsområdet, og ynglar årvisst her. Reinheimen har også stor verdi for truga fugleartar i Noreg. Du kan sjå kongeørn og jaktfalk spreidd i området. Hekkeplassane til desse er sårbare for forstyrring.
Andre typiske høgfjellsartar er fjellerke, bergand, havelle, svartand, fjæreplytt, boltit og myrsnipe. Ved Råkåvatnet og Leirungsvatnet er det funne opp mot 20 artar av hekkande våtmarksfugl. Store delar av verneområdet er viktige område for rype. Fjellrypa er knytt til dei høgastliggande områda, medan lirypa har leveområda sine i bjørkeskogbeltet i lågfjellet.
I skandinavisk samanheng er Reinheimen eitt av dei viktigaste områda for kulturminne etter jakt og fangst frå jernalder og middelalder. Spor etter veidemannskulturen er synleg ei rekke stader i fjellet, og her kan du t.d studere fangstgroper, bogesteller og kilometer lange fangst system for rein. Villreinen vart også drive uti vatn for å bli fanga der.
Fangstgrop i Finndalsfjellet. Foto: Per Jordhøy. I området finst over tusen kulturminne knytt til fangst på rein. I tillegg kjem fleire falkefangaranlegg og andre fangstminne. Side om side med dei forhistoriske kulturminna finn ein jakt- og fiskebuer frå dei siste hundreåra.
Trekkrutene til villreinen er lite endra, og dyra passerer framleis dei gamle fangstsystema. Dette gjer at vi lettare kan forstå kulturminna knytt til jakt og fangst.
Jakta på villrein skjer også i dag og er ein ti-tusenårleg uavbroten tradisjon. Jakt og fangst er viktige tema i den lokale forteljartradisjonen i bygdene rundt Reinheimen.