Jostedalsbreens to nasjonalparksentre

Her kan du lese meir om Jostedalsbreens nasjonalparksentre som er Jostadalsbreen nasjonalparksenter og Norsk bremuseum.

Josedalsbreen nasjonalparksenter sett utenfra
Josedalsbreen nasjonalparksenter sett utenfra
© Raoul Bierach

Jostedalsbreen nasjonalparksenter

Like vest for Jostedalsbreen nasjonalpark, mellom steile fjell ved Strynevatnet, ligg Jostedalsbreen nasjonalparksenter.

Utanfor senteret ligg det ein nyopna geologisk park og ein botanisk hage med 400 artar, dei fleste vekst vilt i området. Innomhus kan ein sjå et  bildespel frå nasjonalparken og utstillingar om bre og skred, geologi, dyr og planter.

Nasjonalparksenteret vart opna i 1993 og autorisert som nasjonalparksenter i 1997.

Hovedbygninga til Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er sett opp etter same prinsipp som eit vikinghus og er omtrent like stor som det største vikinglanghuset som er funne i Noreg. I kontrast til det gamle langhuset ligg kinosalen i moderne stil i polert norsk stein, Larvikitt. Dette symboliserer møtet mellom fortida og framtida; ein må byggje på fortida for å ta vare på framtida.

Tilbod

  • Panoramafilm om Jostedalsbreen
  • Utstillingar om skred, geologi og landskapet, botanikk og zoologi.
  • Botanisk hage med 400 namneskilta ville blomster. Anlagt av prof. Olav Gjærevoll i 1994.
  • 12 ulike natur-og kulturstiar.
  • Geologisk park med steinar frå alle kommunane i Sogn og Fjordane.
  • Undervisningsopplegg for grunnskulen i tilknytning til hagen og naturstigane
  • Kafè
  • Suvenirbutikk

Organisering
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er organisert som ei stifting med partane: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Stryn kommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Norges Geoteknisk Institutt, Den norsk Turistforening, Norsk Botanisk Forening og Nordfjord Folkemuseum.

Norsk bremuseum

Is, bre og klima er hovudtema for utstillingane ved Norsk Bremuseum.

Norsk bremuseum sett utenfra

Senteret, som ligg i Fjærland på sørsida av Jostedalsbreen, er eit "aktivitetsmuseum" der ein kan gjere eigne eksperiment med 1000 år gamal breis og oppleve Ivo Caprino sin panoramafilm frå Jostedalsbreen.

I juli 2007 opna eit nytt senter i tilknytning til Bremuseet; Ulltveit-Moes senter for klimaviten. Det nye senteret skal gje ei opplevingsreise i klima frå 4 milliardar år sidan og fram til 2100.

Bremuseet vart opna i 1991 og autorisert som nasjonalparksenter for Jostedalsbreen i 1997. Alle bygga ved Bremuseet er signert arkitekt Sverre Fehn. 


Målsetting
Føremålet til Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om snø, is og brear. Stiftinga si verksemd omfattar både naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet skal dekke eit informasjonsbehov både for dei som kan lite om brear og klima og dei som har mykje kunnskap om desse tema. 

Tilbod

  • utstillingar med hovudtema snø, is og brear
  • nasjonalparkinformasjon
  • spesialutstilling om klima
  • utstilling om Antarktis
  • skuleteneste
  • eit eige skulebygg med laboratorium og nasjonalparkinformasjon
  • møtelokale for inntil 50 personar med audiovisuelt utstyr

Organisering
Norsk Bremuseum er ei privat stifting oppretta i 1989 av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.

 



 

Oppdatert: 24.10.2011
Fakta om nasjonalparken
Fylker: Sogn og fjordane
Opprettet: 25.10.1991
Totalt areal: 1310 km2