Med telt og fiskestong
Hardangervidda er eit eldorado for fjellvandrarar med telt og
fiskestong. Området er kjent for sine mange fiskerike vatn og vassdrag med fin
fjellaure.
Det finst flust av merka stier og fleire betjente, sjølbetjente
og ubetjente turisthytter. Det er og høve til jakt på vidda. Hugs fiskekort og
jaktkort.
Landskap
Hardangervidda er eit typisk høgfjellsplatå med lange flyer
og bølgjande fjellparti. Berre i vest er fjella meir dramatiske.
Det harde grunnfjellet i dei sør-austre delane av
nasjonalparken er restar av eit over 1 milliard år gammalt fjellandskap. Fjella
forvitra og havet inn-tok slettene.
Dei kalkrike bergartane i nordvestre
delar av området er opprinneleg avsette på havbotnen. Millionar av år
seinare
vart dei dekte av ei stor samanhengande fjellplate. Havbotnen og fjellplata vart
pressa og folda, og eit nytt fjellandskap steig opp av havet. Hardangerjøkulen
og Hårteigen er restar av denne fjellkjeda, som spesielt under istidene igjen
vart slipt ned til grunnfjellsunderlaget.
Dyr og planter
Området har dei største villreinflokkane i Europa. Som følgje
av berggrunn og klima vekslar vegetasjonen frå dei vestlege til dei austlege
delane av vidda.
Den vestre delen har meir nedbør og jamnare temperatur, slik at
planteproduksjonen vert stor. Austvidda er langt mindre frodig.
I
snøfattige strok med mager berggrunn er vindblåste heiar ein vanleg
naturtype.
Dei største villreinflokkane i Europa
Hardangervidda vart isfri for om
lag 9 000 år sidan. Lavdekket etablerte seg raskt på den nakne marka og gav
næringsgrunnlag for reinen. Frå vinterbeiteområda på austvidda trekkjer dei
store villreinflokkane kvar vår vestover, der mykje nedbør og næringsrikt
jordsmonn gjev gode sommarbeite med saftig gras for både rein og bufe. Tidleg i
mai kjem dei drektige simlene fram til kalvingsområda på Vestvidda. Vert reinen
uroa då, kan det få store følgjer. Bukkar og ungdyr trekkjer ned og beiter i
bjørkeskogen.
Utover sommaren er reinen på flukt frå mygg og brems, og
fleire tusen dyr kan då vere samla på snøfennene i høgare lende. Etter brunsten
om hausten trekkjer dyra austover til dei forblåste lavheiene.
Det er
tilgangen på vinterbeite som set grenser for reinbestanden på Hardangervidda.
Målet for villreinforvaltninga er å stabilisere vinterstamma slik at ho er
tilpassa beiteressursane.
Oppdatert: 12.10.2010
Fakta om nasjonalparken
Fylker: Buskerud, Hordaland og Telemark
Opprettet: 10.04.1981
Totalt areal: 3422 km2