Fleire vatn og vassdrag i Jotunheimen har godt aurefiske, særleg dei
større sjøane. I mange av vatna og vassdraga vert det drive
fiskekultivering. Hurrungane, med Store Skagastølstind, er eit Mekka for
fjellklatrarar.
Området har bratte fjell og ville brear. Fleire
av de høgaste fjelltoppane i Nord-Europa fins her. Her er mange brear
egna for brevandring, men hugs at det er stor fare med å røre seg på
breane uten naudsynt utstyr og lokalkjent førar.
Hurrungane, med
Store Skagastølstind, er eit Mekka for fjellklatrarar. På vinterstid
fins merkte skiløyper, og skiturer om våren har og vorte stadig meir
populært.
Høge tindar og store sjøar
Jotunheimen er eit stort sett urørt fjellområde prega av majestetiske
fjell og isbrear. Dei harde, seige bergartane her vart danna under stort
trykk langt nede i jordskorpa og har seinare vorte pressa opp til
overflata.
I Jotunheimen ligg dei høgaste fjella i Nord-Europa.
Galdhøpiggen når opp i 2 469 m, medan Glittertind, med si iskappe på
toppen, berre er nokre meter lågare. Dei villaste og kvassaste tindane i
Jotunheimen finn vi i Hurrungane.
Nasjonalparken har fleire
store innsjøar, med Gjende som den største. Tilførsla av slamhaldig
brevatn gjev Gjende ein smaragdgrøn farge på seinsommaren.
Det
djupblåe Bessvatn ligg like ved. Mellom dei to vatna går det ein merkt
sti over den smale Besseggen – ein av dei mest vidgjetne attraksjonane i
den norske fjellheimen.
Høgderekord for norske planter
Jotunheimen held høgderekorden for mange av fjellplantene våre. Høgast av alle blomsterplantene går issoleia.
På Glittertind kan du finne henne på ca. 2 370 moh. – berre
100 m under toppen. Raudsildra og rosenrota går opp til ca. 2 300 moh.
Berggrunnen
i nasjonalparken er mange stader kalkrik, og dette er ein viktig grunn
til det rike plantelivet i Jotunheimen. Her veks fleire kravfulle,
kalkkrevjande planter, m.a. reinrosa.
Somme av planteartane finst
berre i spreidde fjellområde rundt den nordlege delen av Atlanterhavet,
f.eks. fjellskrinneblom, lodnebergknapp og fjelltjæreblom. Dette har
undra botanikarane. Desse artane kan ha overlevd den siste istida på
isolerte, isfrie område ved kysten eller på fjelltoppar som stakk opp
over isbreen.
Det meste av parken ligg over skoggrensa. Rundt
Gjende står frodig fjellbjørkeskog, og i dei austlege delane av parken
går skoggrensa heilt opp i 1200 m o.h.
Jotnar på Noregs tak
«Jøtunheimen» døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert
av det ville landskapet og norrøn mytologi.
Jotnane – trolla – har heimen sin her. Jøtunheimen vart
seinare til Jotunheimen, det namnet vi brukar i dag på dette mektige
området med dei høgaste fjella i Nord-Europa. Henrik Ibsen var og
inspirert av landskapet. Det var langs den vidkjente Besseggen – eller
langs eggen av Knutshø på den andre sida av Gjende – at Peer Gynt
gjennomførte det vågale rittet ned «Gjendin-eggen» på ryggen av ein
reinsbukk.
Ved Gjende og Russvatn er det spor etter buplassar frå
3 000 f.Kr. I dag minner dyregravene oss om ei tid då fangst av rein
var ein viktig del av næringsgrunnlaget.
Fangsten i dyregraver
tok ikkje slutt før han vart forboden på 1800-talet. I dag rår
villreinen grunnen i vest, medan tamreinen dominerer i andre delar av
parken.
Mellom dei varierte kulturminna i Jotunheimen finn vi
elles vardar frå gamle ferdsleårer og restar etter falkefangarbuer.
Tidlegare var det seterdrift fleire stader, m.a. var Gjendebu opphavleg
seter. Ved Memurubu har setrene vore i bruk heilt fram til i dag.