Før helga vart friluftslivsområdet på Amborneset i Leksvik i Nord-Trøndelag opna. Ved utgangen av året vil nær 2 300 namn stå på lista over friluftslivsområde som er sikra med økonomisk støtte frå staten.
Finn friluftslivsområda
i ditt nærområde
– I meir enn femti år har statsbudsjettet innehalde ein eigen post til sikring av friluftslivsområde. Pengane vert anten brukt til å kjøpe opp områda, eller til å sikre folk flest tilgang til dei gjennom langsiktige avtalar med grunneigarar, seier seksjonssjef Roar Skuterud i Direktoratet for naturforvaltning (DN).
Amborneset i Leksvik er eit av fleire tital område som har kome til i porteføljen i løpet av 2010. Området er eit godt eksempel på kva for kvalitetar dei statlege friluftslivsområda kan ha. Det ligg i strandsona og var allereie før opninga 1. oktober mykje brukt til bading, fiske og turgåing. I tillegg til 26 dekar strandareal, har staten kjøpt opp ein hytteeigedom og areal regulert til parkering. Staten sitt bidrag er i alt 2,5 millionar kroner.
Ei oppteljing etter årets ni første månader viser at 32 nye område er sikra av staten i år, men fleire vil kome til før årsskiftet.
– Vi reknar med at det endelige talet på nye friluftslivsområde i Noreg i år vil ligge omkring 60 område. Det er om lag på same nivå som dei siste åra, meiner Skuterud.
Dei fleste av dei 32 nye friluftslivsområda i statistikken ligg langs kysten frå Østfold til Hordaland. Dette har vore ei prioritert strekning gjennom mange år. Men områda ligg i heile 15 ulike fylke. Berre Hedmark, Oppland, Sogn og Fjordane og Telemark manglar.
Teksten held fram under kartet
Friluftslivslivsområda landet rundt er prega av eit stort mangfald. Nokre er ganske urørte, medan andre er sterkt tilrettelagde med bålplassar, stiar, brygger og toalettanlegg. Ein stor del av friluftslivsområda ligg i strandsona.
Det er Aust-Agder som har flest statleg sikra friluftsområde, ifølgje Miljøstatus.
Staten bruker pengar på å kjøpe opp områda, eller på å sikre avtalar med grunneigarar om at områda skal kunne nyttast av folk flest. I tillegg gir staten stønad til tilrettelegging av friluftslivsområda, og det er fylkeskommunane som fordeler desse midlane.
Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand får kvart år ei økonomisk ramme dei kan bruke på sikring av viktige friluftslivsområde i kommunen. Ordninga tok til i 2001, og Stavanger var den første byen som vart med.
– For desse storbyane inneber ordninga at det er kommunane sjølve som bestemmer kva for område ramma skal brukast til. Til dømes har Oslo ei ramme på 15 millionar kroner fordelt over fem år, medan Kristiansand har 10 millionar til disposisjon, fortel Skuterud.
DN får ikkje oversikt før områda er ferdig rapporterte. Rapportane frå i år er enno ikkje klare.