Forskarar meiner at Noreg har om lag 60 000 artar, men berre vel 40 000 er påviste. Dei grunnleggjande kunnskapane om mange artar og artsgrupper er sparsame. Samstundes er kunnskapen om korleis ein identifiserer artar, i ferd med å døy ut.
Regjeringa har sett i gang «Artsprosjektet» for å rette på desse kunnskapsmanglane. Prosjektet skal mellom anna sikre meir kunnskap om mangfaldet av artar, og bidra til at det vert bygt opp naudsynt kompetanse ved vitskapelege institusjonar.
Denne veka lyste prosjektet ut ein nasjonal konkurranse der forskarar og andre kan søkje støtte til kartlegging av artar eller grupper av artar som er lite kjende. Fram til 23. oktober er det mogleg å søkja om midlar frå denne potten. I alt skal 9,4 millionar kroner fordelast.
– Det er svært viktig for oss i miljøforvaltninga at det vert henta inn kunnskap om mangfaldet av artar i Noreg. Dette er kunnskap vi treng for å drive kunnskapsbasert forvalting, seier avdelingsdirektør Yngve Svarte i Direktoratet for naturforvaltning (DN).
«Artsprosjektet» vart etablert i januar i år. Regjeringa har i startåret sett av 20 millionar kroner, finansiert av Miljøverndepartementet. Det er Artsdatabanken som gjennomfører prosjektet.
Sverige starta sitt artsprosjekt i 2002, og dette har eit årleg budsjett på over 60 millionar svenske kroner. Det svenske prosjektet har fungert som modell i prosessen med å etablere eit tilsvarande prosjekt i Noreg.
Førre veke vart ein avtale mellom Sverige og Noreg om samarbeid mellom landa sine artsprosjekt signert. Avtalen skal sikre at ressursane kvart land set inn vert nytta så effektivt som mogleg.