Overvaking etter EU sitt rammedirektiv for vatn

EU sitt rammedirektiv for vatn blir i framtida eit viktig grunnlag for forvaltninga av norske vassdrag og kystområde. Direktivet er forankra i norsk rett gjennom vannforskriften frå 2006.

Overvaking er eit viktig element i forvaltninga etter Vannforskriften. Direktivet og vannforskriften legg stor vekt på at den framtidige vassforvaltninga skal vere kunnskapsbasert og overvakinga vil legge det faglege grunnlaget for ein kunnskapsbasert forvaltning.

Overvakinga er nødvendig for å fastsette miljøtilstanden, og den skal ligge til grunn for planlegging av, og vurdere effekten av, eventuelle tiltak.

Vannforskriften definerer tre typar overvaking:

  • problemkartlegging
  • tiltaksovervaking
  • basisovervaking

Problemkartlegging og tiltaksovervaking skal sikre at nødvendige tiltak blir gjennomført planmessig og kostnadseffektivt. Basisovervakinga har tre formål:

  • skaffe godt fagleg grunnlag for å fastsette referansetilstand og miljømål
  • overvake storstilte menneskelege påverkningar, som til dømes langtransporterte forureiningar
  • kartlegge og overvake langsiktige naturlege endringar, som til dømes klimaendringar.

Problemkartlegging og tiltaksovervaking

Problemkartlegging skal gjennomførast i vassforekomstar der ein vurderer at det er risiko for at miljømålet ikkje blir nådd.  Formålet med problemkartlegginga er å avklare årsaker, årsakssamanhengar og problemomfang.

Tiltaksovervaking skal gjennomførast i alle vassforekomstar som ikkje oppfyller miljømålet. Tiltaksovervakinga skal ligge til grunn for planlegging av nødvendige tiltak som må gjennomførast for å nå miljømålet og for å vurdere effekten av gjennomførte tiltak.

Vannforskriften legg stor vekt på kostnadseffektivitet og samfunnsnytte ved gjennomføring av eventuelle miljøtiltak. Problemkartlegging og tiltaksovervakinga skal skaffe den nødvendige basiskunnskapen om det aktuelle miljøproblemet, kunnskap som må vere på plass for å kunne planlegge og gjennomføre riktige tiltak i rett dose. Tiltaksovervakinga kan avsluttast når vassforekomsten har nådd miljømålet.

Basisovervaking

Basisovervakinga skal skaffe oss basiskunnskapen om naturmiljøet som er nødvendig for å utøve ein kunnskapbasert forvaltning. Naturtilstanden er eit nøkkelbegrep i Vannforskriften ved at det definerer miljømålet for ein vassforekomst. Ideelt sett er naturtilstanden miljøtilstanden i vassforekomsten før den eventuelt blei utsett for menneskelege påverknigar.

Basisovervakinga skal gi det faglege grunnlaget for ein vitenskapeleg basert definisjon av naturtilstanden. Data for å gjere dette skal skaffast gjennom overvaking av eit nettverk av referanselokalitetar, dvs. eit nettverk av elver, innsjøar og kystområde som er heilt eller svært lite utsett for menneskelege påverkingar. 

Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider med å definere dette referansenettverket i samarbeid med regionale styresmakter. Det blir også arbeidd med å få til eit felles nordisk referansenettverk.

Det andre viktige formålet med basisovervakinga er å kartlegge storstilte menneskelege påverkingar, som til dømes langtransporterte forureiningar og å kartlegge langsiktige naturlege endringar i naturmiljøet.

Vi kjenner til at det foregår naturlege sykliske endringar som påverker naturmiljøet og som er viktig å kjenne til når vi skal fastsette naturtilstand og miljømål. Det er til dømes ei vanleg oppfatning at klimaendring er ei langsiktig naturleg endring som samtidig er påverka av omfattande menneskelege påverkingar.

Vi skal skaffe kunnskap om dette gjennom systematisk overvaking av eit fast nettverk av vassforekomstar, særskild vald ut til dette formålet. Dette nettverket vil bestå både av upåverka og påverka vassforekomstar. Også her vil vi dra nytte av overvaking i tilsvarande nettverk i norden og i resten av Europa.

Basisovervåkinga starta opp i 2009 i 12 innsjøar: 5 referansesjøar, 3 forsura og 4 eutrofierte innsjøar. I 2010 blei 12 nye innsjøar undersøkt.

Oppdatert: 19.08.2011
Kontakt
Hege Sangolt rådgiver
TLF: 73 58 07 22