Regjeringa opnar for at inntil fem nye prosjekt kan bli med i programmet ”Naturarven som verdiskaper”. Programmet skal bidra til auka verdiskaping knytt til norske nasjonalparkar og verneområde.
I år skal regjeringa bruke 25 millionar kroner på programmet. Det er ein auke på 15 millionar kroner samanlikna med i fjor. Dermed kan talet på deltakarar aukast.
Vil utfylle programmet
Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet opna i dag for søknadar frå nye prosjekt som ynskjer å slutte seg til programmet. Søknadsfristen er 12. april. Det er Direktoratet for naturforvalting (DN) som behandlar søknadane som kjem inn.
– Gjennom denne utlysinga ynskjer vi å utfylle verdiskapingsprogrammet både geografisk og tematisk. Mellom anna ynskjer programmet å knytte til seg fleire prosjekt i fjellområde, og prosjekt som kombinerer natur og kultur, hausting og fangst eller som inkluderer trua artar, seier Reidar Dahl som leier arbeidet med verdiskapingsprogrammet i DN.
God respons
I fjor var første runde med utlysning av midlar i programmet. Over femti søknadar kom inn, og ti prosjekt vart valde ut til å vere med. Dei ti er spreidd over heile landet, frå Lista i sør til Varanger i nord. Prosjekta er varierte, og både innlandet, fjellet og kysten er representert.
Prosjekta som vil verte valde ut etter den nye utlysningsrunden, vil bli del av verdiskapingsprogrammet resten av programperioden (2009-2013).
– Det vert ikkje lagt opp til fleire utlysningsrundar i denne perioden. Difor er det viktig at dei som sit med idear til gode prosjekt sender inn søknad innan fristen 12. april, seier Reidar Dahl.