| Art |
Kommune |
Beskrivelse |
|
|
Mosesildre (Saxifraga hypnoides) er viltveksande i fem bestandar frå tre kommunar i Sogn og Fjordane. Han veks på mosedekt rasmark og i bratte berg nær havnivået. Arten er elles ein vanleg hageplante som ofte forvillar seg. Som viltveksande har han inntil nyleg vore så pass lite kjend at han ikkje har vore rekna som trua, men med så lita totalutbreiing må han i alle fall reknast som "sårbar". Dei største førekomstane av arten finn vi truleg i Flora, særleg ved Kinnesundet. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Gulen kommune har ein kjent lokalitet med kranshinnelav (Leptogium burgessii). Denne sørvestlege lavarten veks på stammar av lauvtre og mosedekte bergveggar. Kranshinnelav er oppført i raudlista som ”sårbar” pga. at lokalitetane gror igjen, styvingstre forsvinn (tre der greiner og lauv blei høsta til dyrefôr), og pga. hogst. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Liten praktkrinslav (Parmotrema chinense) er ein sørleg art som veks på bergveggar og lauvtre. Førekomstene i Solund veks på berg på ein skoglaus holme. Denne laven er oppført i raudlista som ”sårbar” fordi den m.a. er utsett for gjengroing eller nedbygging av veksestadene. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Skjørbeger (Cladonia callosa) er ein lavart med få funn i Noreg. Den er førebels kjent frå Bømlo, Sande, Flora, Hyllestad og Bodø. Hyllestad har kanskje dei største bestandane, ved Fossebrua ved Leirvik. Her veks den på fuktige bergveggar i furuskogen. Skjørbeger er ”direkte trua” pga. at det er så lite av den, og då kan tilfeldige hendingar som utviding av ein veg verke negativt inn på bestanden. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Bleik kraterlav (Gyalecta flotowii) er oppført som "sårbar” i raudlista. Den er ein av mange sjeldne artar som likar seg spesielt godt på eldgamle styva ask- eller almetre (tre der greiner og lauv blei hausta til dyrefôr). Arten er registrert fleire stader i Høyanger kommune. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Sauevokssoppen (Hygrocybe ovina) er ein typisk art for naturbeitemarker som er godt skjøtta og der beiting har pågått lenge. Det er nye funn frå Nystøl og Kolmilevollen i Vik. Naturbeitemarkene er utsett for gjengroing, gjødsling og til dels nedbygging. Den beste måten å bevare denne sjeldne arten på, er å halde fram med tradisjonell beitebruk. Sauevokssopp er ført opp som "sårbar" i raudlista. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Pelskjuke (Inonotus hispidus) er ein ganske stor sopp som har ei spesiell utbreiing i Noreg. Arten finst nesten berre i eit avgrensa område ved midtre del av Sognefjorden. Den veks på stammen av særleg styva ask (asketre der greiner og lauv blei hausta til dyrefôr), men også andre lauvtreslag. Det vil etter kvart bli mindre med styvingstre ettersom lauvingsbruket har opphøyrt. Pelskjuke er oppført som "sterkt trua" i raudlista. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Safranslørsopp (Cortinarius olearioides) er ein okerfarga til safrangul hattsopp som veks i edellauvskog. Den er hovedsakleg knytta til hassel, men veks òg med lind. Den er funnen mellom anna ved Klyve og ved Horpa. Skogane den veks i er rike på raudlisteartar. Truslar kan vere flatehogst, treslagsskifte og utbygging. Safranslørsopp er oppført som "sårbar" i raudlista. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Takfaks (Anisantha tectorum) er ein art som delvis er kulturspreidd i Noreg i nyare tid, men som antakeleg er opphavleg viltveksande i rasmark og på tørrbakke og torvtak i eit lite område i Hordaland og Sogn og Fjordane. Endringar i beitetrykk og bortfall av svært mange torvtak har antakeleg ført til at arten har gått monaleg tilbake, og den er no vurdert som "sårbar". I Sogndal er den kjent frå fleire stader, til dømes ved Fatlabergi. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Austleg bloddråpesvermar (Zygaena osterodensis) er i Noreg berre funnen på tre stader. Ein av desse er i Aurland. Den er og sjelden og lokal i heile Skandinavia. Namnet ”bloddråpesvermar” har den fått av dei vakre raude teikningane den har på vingane. Arten lever på planten gulskolm, og den er trua av omleggingar i jordbruket som fører til gjengroing eller overgjødsling av gamle blomsterenger. Arten er difor oppført i raudlista som "sterkt trua". Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
"Praktoransjelav" (Caloplaca biatorina) veks på steile bergveggar som gjerne også er litt kalkrike. I Lærdal er den registrert ved Husum. Elles har den i Noreg to førekomstar i Hole kommune i Buskerud. Utbygging og andre tilfeldige hendingar truar denne ”kritisk trua” lavarten i Noreg. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Stammesigd (Dicranum viride) er ein mose som veks på stammar av lauvtre i edellauvskogar, og likar seg om skogen vert gamal med mykje daud ved. Han er sårbar for skogbruk, utbyggjing og forureining. I Årdal er han funnen på Hjelle i Utladalen, på ei lind som tidlegare har vorte styva (hausta greiner og lauv av til dyrefôr). Han står på Bernkonvensjonen si liste, er freda i Noreg, og er førd opp som "sårbar" i raudlista. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Mnemosynesommarfugl (Parnassius mnemosyne) er ein stor iaugefallande sommarfugl, teikna i kvitt med mørke flekkar. Arten er berre kjent fra 12-15 stader på Nord-Vestlandet, m.a. frå Luster kommune, og er ein av dei få norske sommarfuglane som er freda. Arten lever på lerkespore i skoglysningar og enger, samt i rasmarker og bratte lier heilt opp til tregrensa. Arten er mellom anna trua av gjengroing av gammalt kulturlandskap, og er difor oppført i raudlista som "sårbar". Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
|
Randprikklav (Pseudocyphellaria intricata) høyrer til ei gruppe artar som har sine hovedførekomstar i regnskogar. Karakteristisk nok er den sterkt knytt til fuktig lauvskog og skuggefulle bergveggar i dei mest kystnære delane av landet, spesielt i strandsona. Denne arten, som er oppført som "sårbar" i raudlista, er mest trua av gjengroing og utbygging. Frå Askvoll er den kjent frå ein lokalitet på Atløy. |
|
|
Åkerriksa (Crex crex) er vanskeleg å få auge på, men er lett kjenneleg på den gjennomtrengande låten. Den var tidlegare ein vanleg art i kulturlandskapet i Sør-Noreg og nord til Troms. Åkerriksebestanden har gått katastrofalt attende i etterkrigstida, og i dag er den "kritisk trua" her i landet. Tilbakegangen i Noreg, som elles i Europa, vert sett i sammenheng med mekaniseringa av jordbruket. Åkerriksa hekkar på grasmark (dyrkamark), seint på året, slik at reira ofte vert øydelagde eller ungane drept i slåtten. I Fjaler er fuglen registrert spelande dei seinare åra mellom anna på Furnes. Det er utarbeidd nasjonal handlingsplan for åkerriksa. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Olivenfiltlaven (Fuscopannaria mediterranea). Gaular kommune har førekomstar av den ”sårbare” olivefiltlaven på seljetre i Osebotnen. Arten har ei vid utbreiing i Noreg nord til Troms, men arten sine strenge krav til fuktigheit og gamle tre gjer den spesielt utsett for hogst. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Kongeørna (Aquila chrysaetos) hekkar i store delar av landet, også ute ved kysten. Den har tilhald i høgareliggande skogs- og fjellstrok, og den manglar i dei søraustlege delane av landet. Kongeørna har i dag ein stabil bestand her i landet. Men den er særs var for naturinngrep og for å verta uroa ved reiret, og den er framleis utsett for faunakriminalitet. Kongeørna er rekna som "nær trua". Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Almekolsopp (Hypoxylon vogesiacum) veks på alm i edellauvskog og i kulturlandskapet. Ofte er trea den veks på styva (hausta greiner og lauv av til dyrefôr). Almekolsopp kan vere sårbar for skogsdrift og på sikt òg almesjuke. Den er rekna som "sårbar" i raudlista. I Førde er soppen funnen ved Kussli og ved Mo. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Bergfaks (Bromopsis ramosa) veks i Noreg i edellauvskog og på rasmark på kalkrik grunn frå Rogaland til Møre og Romsdal, og er kjent frå om lag 30 veksestader. Dei viktigaste truslane er treslagsskifte og andre arealendringar, men arten er verna i mange edellauvskogsreservat. Den er vurdert som "nær trua". I Naustdal er den berre kjent frå rasmark i Gryta. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Vasshalemose (Isothecium holtii) veks i tette matter i bekkekløfter, gjerne ved små fossar. Han formerar seg berre ved at delar brekk av og lagar nye planter. Arten er sårbar for forureining og uttørking, til dømes vassdragsregulering, og er oppførd som "sterkt trua" i raudlista. Vasshalemose er bland anna kjent frå Åskårselva i Bremanger. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Kystprikklav (Pseudocyphellaria norvegica) er ein sørvestleg kystart i Noreg, som lever på bergveggar og lauvtre i urterik lauvskog, spesielt nære sjøen. I Vågsøy kommune finst denne store lavarten til dømes ved Torskangerpollen. Kystprikklav er spesielt utsett for utbygging i strandsona og er oppført som ”sterkt trua” i raudlista. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Den vakre orkideen pupurmarihand (Dactylorhiza purpurella) har hatt ei relativt stor utbreiing i strandeng og næringsrik myr frå Rogaland til Sør-Trøndelag. Av eit 20-talls førekomstar veks den no berre på fem - seks av dei, og arten er vurdert som "sterkt trua". Tilbakegangen har nok mest samanheng med opphøyr av slått og beite, i nokre tilfelle også med utbyggingstiltak. I Selje er det gode førekomstar f.eks. i Ervika. Pupurmarihand er freda. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Flikmelde (Atriplex prostrata ssp. calotheca) er knytta til tangvollar og er kjent frå spreidde førekomstar frå Østfold til Sogn og Fjordane. Mange av veksestadene har vorte rørt av ulike utbyggingstiltak i strandsona, og planten vert no rekna som sterkt trua. Førekomsten i Eid er den nest nordlegaste i Noreg. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Blankstorkenebb (Geranium lucidum) er knytta til skuggefulle bergveggar, gjerne i næringsrik skog. Den er utbreidd i kyststrok nord til Nordland, men har vist ein del tilbakegang dei seinere åra. Dei viktigaste truslane er nok flatehogst og treslagsskifte, men den er framleis berre vurdert som "nær trua". I Hornindal er den kjent frå urene i almeskogen nord for Øyane. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Den sjeldne planta pusleblom (Anagallis minima) veks på strandenger og ved elveosar og i søkk på strandberg i kyststrøk frå Østfold til Sogn og Fjordane. Av om lag 120 kjende førekomstar veks han i dag berre på om lag ein tredjedel av desse, og arten blir no rekna som "sterkt trua". Dei viktigaste truslane gjeld endringar i beitetrykk og vassdragsreguleringar. I Gloppen er den om lag pånordgrensa si i Noreg, ved munningen av Breimselva. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken | |
|
|
Kjempeslørsopp (Cortinarius praestans) er ein stor hattsopp som veks i kalkrik barskog og rik edellauvskog. I Stryn er den funnen ved Stolen og ved Sølvbergnausta. Arten vil vere sårbar for flatehogst og andre inngrep i skogane den veks i, og den er ført opp som "sårbar" i raudlista. Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken |