Postkort til Møre og Romsdal

Her kan du finne din kommunes postkort fra miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. Hvilken trua art kan du være med på å redde?
Art
Kommune
Beskrivelse
Sanikelflatmøll

Molde

 

 


"Sanikelflatmøll" (Agonopterix astrantiae) er en liten sommerfugl som kun er funnet to steder ved Oslofjorden og to steder i Møre og Romsdal, bl.a. i Molde kommune. Denne lille sommerfuglen lever som navnet antyder på planten sanikel. Arten trues bl.a. av treslagskifte som vil føre til at vertsplanten forsvinner. På grunn av dette, og fordi sommerfuglen har en lokal utbredelse, er den oppført i rødlista som "sårbar".
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Rosavokssopp

Ålesund

 

 


Rosavokssopp (Hygrocybe calyptriformis) er ein vakker liten hattsopp som veks på ugjødsla naturbeitemarker. Han er berre funnen på to stader i Noreg og er svært sjeldan. Første funnet var på Litj-Kalvøya i Ålesund kommune. Rosavokssopp er sårbar for gjengroing og alle formar for gjødsling eller inngrep i naturbeitemarkene han veks i, og er førd opp som "kritisk trua" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Kobbertunge

Kristiansund

 

 


Kobbertunge (Microglossum fuscorubens) er en liten fingeraktig sopp som vokser i rik lauvskog og på naturbeitemarker. Særlig i de sistnevnte områdene er den sårbar for gjødsling og tekniske inngrep. Den er funnet på Trøa i tidligere Frei kommune og vokste der i rike hasselkratt. Trusler mot slike områder kan være nedbygging eller planting av bartrær. Kobbertunge er ført opp som "sårbar" i rødlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Rød honningvokssopp

Vanylven

 

 


Raud honningvokssopp (Hygrocybe splendidissima) veks i ugjødsla naturbeitemarker. Den har ei karakteristisk duft av honning. Områda den veks i er ofte rike på mange artar som er ført opp i raudlista. I Vanylven er den kjent frå Bøstranda og Landsverk. Arten er sårbar for gjengroing og gjødsling. den er oppført som "nær trua" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Brun engvokssopp

Sande

 

 


Brun engvokssopp (Hygrocybe colemanniana) er ein brun hattsopp med kvit stilk som særleg veks i ugjødsla beitemark og slåtteeng, helst kalkrikt. Ein sjeldan gong kan den påtreffast i kalkrik skog. Den er kjent frå grasheier på Riste og nord for Sandshamn i Sande, og er sårbar for gjengroing og gjødsling. Brun engvokssopp er oppført som "sårbar" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Praktrødskivesopp

Herøy

 

 


Praktraudskivesopp (Entoloma bloxamii) er ein sterkt blå hattsopp som veks i kalkrike enger og beitemarker. Den er sårbar for gjengroing, gjødsling og eventuell nedbygging. Arten er funnen i Mulevika i Herøy, eit beitemarksområde med mange sjeldne og raudlista arter. Praktraudskivesopp er oppført som som "sårbar" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Purpurlyng

Ulstein

 

 


Purpurlyng (Erica cinerea) er ei vakker lyngheiplante som i Noreg veks i kyst- og fjordstrok frå Ryfylke til Ulstein. Den tåler ein del forstyrring, slik som brenning av lyngheiene, men går ut dersom lyngheiene eldast og veks igjen. En del veksestader har òg gått ut ved tettstadsutvikling og skogplanting, men den er førebels berre vurdert som nær trua. I Ulstein finst den ved  nordgrensa si, og veks her til dømes på Dimna.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Tjuvjo

Hareid

 

 


Tjuvjoen (Stercorarius parasiticus) hekkar langs heile Norskekysten, men er mest vanleg frå Møre og Romsdal og nordover. Tjuvjoen er kjend for å rane til seg bytte frå andre sjøfuglar. Dårleg mattilgang til fiskeetande sjøfugl har også råka tjuvjoen. Utanom hekketida treffer vi oftast tjuvjoen til havs. Den er ein trekkfugl som dreg heilt til kystane av det sørlege Afrika. Fuglearten står oppført som "nær trua" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Firling

Volda

 

 


Firling (Tillaea aquatica) er ein liten vassplante som veks spreidd i kanten av stilleståande eller svakt rennande ferskvatn. Den ser framleis ut til å ha mange kjente førekomstar i landet, men mange tilgjengelege veksestader er øydelagde ved til dømes mudring, igjenfylling av dammar, bekkelukking og auka gjødsling. Dette har ført til at firlingen no er vurdert som "sterkt trua". I Volda har den vorte funne ved utløpet av Fyrdselva.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Kvit skogfrue

Ørsta

 

 


Kvit skogfrue (Cephalanthera longifolia) er ein vakker orkidé som i Noreg veks mest i edellauvskog i kyst- og fjordstrok fra Hurum til Ørlandet. Nokre av veksestadene har gått ut på grunn av hogst, treslagsskifte og nedbygging, mens den spreier seg på stader der det gamle kulturlandskapet veks igjen. Kvit skogfrue er førebels vurdert som "nær trua". I Ørsta har den berre vore kjent i bratt lauvskogsur mellom Leknes og Urke. Planten er freda.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Brudespore

Ørskog

 

 


Brudespore (Gymnadenia conopsea) trivst i fuktig og kalkhaldig jord, og har tidlegare vore ein relativt vanleg orkidé over store delar av landet. På grunn av endringar av tradisjonell slått og beitetrykk har den gått kraftig tilbake, særleg i Sør-Noreg, og vert no rekna som "nær trua". I Ørskog er den kjent frå m.a. Glomset.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Safranslørsopp

Norddal

 

 


Safranslørsopp (Cortinarius olearioides) er ein okerfarga til safrangul hattsopp som veks i edellauvskog. Den er hovedsakleg knytta til hassel, men veks også med lind. Den er funnen på tre stader i Norddal dei seinare åra. Skogane den veks i er rike på raudlisteartar. Truslar kan vere flatehogst, treslagsskifte og utbygging. Safranslørsopp er oppført som "sårbar" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken

Fagervokssopp

Stranda

 

 


Fagervokssopp (Hygrophorus calophyllus) er ein vakker hattsopp med rosa skiver på undersida av hatten. Den førekjem i furuskogar med høg pH i jordsmonnet og har fleire førekomstar i olivinfuruskog i Stranda. Fagervokssopp er sårbar for steinbrot, nedbygging og skogsdrift, og er oppført som "sterkt trua" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken

Sinoberslørsopp

Stordal

 

 


Sinoberslørsopp (Cortinarius cinnabarinus) er ein vakker raudleg hattsopp som veks i edellauvskogar med eik og hassel, ein naturtype som kan trugast av nedbygging og treslagsskifte. Den er funnen i rike hasselkratt ved Nesplassen i Stordal, ein naturtype med mange raudlista artar. Sinoberslørsopp er oppført i raudlista som "sårbar".
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Sunnmørsmarikåpe

Sykkylven

 

 


Sunnmørsmarikåpe () er ein art som ganske nyleg blei oppdaga og som så langt berre er funne i tre kommunar i Møre og Romsdal; Norddal, Stranda og Sykkylven. Den veks helst i fuktige rasmarker, gjerne ved fossar. På grunn av dei fåtallige kjente førekomstane er den vurdert som "sårbar". I Sykkylven har den ein rik bestand ved Hundeidvik i Megardsdalen.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Kystkantlav

Skodje

 

 


Kystkantlav (Kystkantlav) har sine største populasjonar i Europa på Nordvestlandet og i Midt-Noreg. Elles er den mest ein amerikanar. Den veks til dømes på rogn eller hassel i blandingsskog med furu eller gran. Kystkantlav er trua av flatehogst, og mange stader av overbeite av hjort og elg. I Skodje kommune er arten funnen på hassel i Ørnakken. Arten er rekna som "sterkt trua".
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Dvergdykker

Sula

 

 


Dvergdykkaren (Tachybaptus ruficollis) er ein sjeldan hekkefugl i Noreg, men den hekkar mellom anna i Oslofjordområdet, i Rogaland og i Møre og Romsdal. Den har tilhald ved mindre vegetasjonsrike dammar og tjønner med rikt dyreliv. Den er liten og såleis lett å oversjå i hekketida. Dvergdykkaren er ein trekkfugl, men vandringsmønsteret er lite kjend. Fuglen er oppført i raudlista som "nær trua".
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Flammevokssopp

Giske

 

 


Flammevokssopp (Hygrocybe intermedia) veks på naturbeitemarker og slåtteenger. Den er funnen på beitemark på Alnes i Giske, eit område med fleire artar som er oppført i raudlista. Arten er sårbar for gjengroing og gjødsling, og er oppført som "sårbar" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Kystblåstjerne

Haram

 

 


Kystblåstjerne (Tractema verna) er ein vakker og karakteristisk vårplante som i Noreg er kjent frå eit fåtall veksestader på ytterkysten frå Karmøy til Haram. Den verkar å vere avhengig av tradisjonelt drivne areal med fuktig eller frisk slåttemark eller beitemark. Bestandane i Haram, til dømes på Hildrestranda og Synnalandet, har gått kraftig tilbake, og den vert no rekna som "sårbar" på landsbasis.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Fiolett greinkøllesopp

Vestnes

 

 


Fiolett greinkøllesopp (Clavaria zollingeri) er ein liten, lilla, korallaktig sopp som veks i ugjødsla naturbeitemarker og edellauvskog. Den er sårbar for gjengroing, gjødsling og eventuell utbygging. Fiolett greinkøllesopp er kjent fra Sakselia og Løvika i Vestnes og er oppført som "nær trua" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Stor bloddråpesvermer

Rauma

 

 


Stor bloddråpesvermer (Zygaena lonicerae) er en sommerfugl som tidligere var utbredt over store deler av Norge. Arten har hatt en sterk tilbakegang og finnes i dag kun spredt mellom Sogn og Sunndal, bl.a. i Rauma kommune. Denne vakre sommerfuglen kjennetegnes bl.a. av de røde flekkene på fremvingene. Arten foretrekker solrike enger og bakker med mye blomster og urter, og lever av erteplanter. Den kan derfor finnes både i det gamle kulturlandskapet, men og på rasmarker. Stor bloddråpesvermer trues av gjengroing av leveområder og er derfor oppført på rødlista som "sterkt truet".
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Ferskenpote

Nesset

 

 


Ferskenpote (Rhodotus palmatus) veks oppe i gamle lauvtre, helst alm som har vorte styva (tre som det blei hausta greiner og lauv av til dyrefôr). Den er funne på fem stader i Noreg. Arten verkar å ha gode førekomstar i almeliene i Eikesdalen i Nesset, men mangel på styving gjer at almetrea ikkje blir så gamle. Ferskenpote kan stå som ein representant for denne unike naturen og naturtypen i Nesset kommune. I raudlista er ferskenpote ført opp som "kritisk trua".
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Svartnende kantarell

Midsund

 

 


Svartnande kantarell (Cantharellus melanoxeros) er ein liten sopp som minnar om slektningen sin, den spiselige kantarellen, men denne er gråaktig i fargen og svartnar når den blir gammal. Den veks i rik edellauvskog, gjerne med mykje hassel. Svartnande kantarell er funnen fleire stader i Midsund og kan stå som representant for denne artsrike og verdfulle skogtypen. I raudlista er sopparten ført opp som "nær trua".
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Rødskivevokssopp

Sandøy

 

 


Raudskivevokssopp (Hygrocybe quieta) er ein vakker, gulraud hattsopp som veks i naturbeitemark som ikkje har vorte gjødsla. Den kan stå som ein god representant for mangfaldet i beitemarkene i Sandøy, men vil vere sårbar for gjengroing og gjødsling. Raudskivevokssopp er oppført i raudlista som "nær trua".
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Vranglodnetunge

Aukra

 

 


Vranglodnetunge (Trichoglossum walteri) er ein liten mørk, fingerforma sopp som veks i naturbeitemark. Den er sårbar for gjengroing og gjødsling. Den er kjent fra Vedaholmen og Olsvik i Aukra, og er ein god representant for eit miljø med mange raudlista artar. Den oppført som "sårbar" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Sumpjordtunge

Fræna

 

 


Sumpjordtunge (Geoglossum uliginosum) er ein liten mørk, fingeraktig sopp som veks i ugjødsla beitemark og slåtteeng. Den er kjent frå slåttemark på Skutholmen i Fræna, og er berre kjent frå ni stader totalt i Noreg. Sumpjordtunge er sårbar for gjengroing og oppgitt som "sterkt trua" i raudlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Torntvebladmose

Eide

 

 


Torntvebladmose (Scapania nimbosa) er en liten levermose som vokser på nordvendte, kalkrike berg i overgangen fra fjellbjørkeskog til fjell. Eide kommune utgjør i dag hele det kjente leveområdet for arten i Norge. Den er sårbar for nedbygging, bergverk eller uttørking av voksestedet. En lokalitet har tidligere forsvunnet i kalkbrudd. Torntvebladmose er ført opp som "kritisk truet" i rødlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Slimjordtunge

Averøy

 

 


Slimjordtunge (Geoglossum difforme) er en mørk, liten fingerformet sopp som vokser på gamle naturbeitemarker og slåtteenger. En av fire norske forekomster er på Litj-Lauvøya i Averøy. Arten er sårbar for gjengroing og gjødsling og angitt som "sterkt truet" i rødlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Skorpefiltlav

Gjemnes

 

 


Skorpefiltlav (Fuscopannaria ignobilis). Spesielt på stammen av gamle ospetrær i kystfuruskog, men også mer lauvdominert skog, kan en finne skorpefiltlav.Denne arten som er vurdert som "sårbar” i rødlista, er en typisk kystart som også fins innover i fjordene. Skorpefiltlav er truet av hogst pga. at den lever på de aller eldste ospene.Dersom en sparer slike osper, men hogger skogen rundt, kan den tørke ut. I Gjemnes er den funnet nær Gaupset.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken

Blekkstorpigg

Tingvoll

 

 


Blekkstorpigg (Sarcodon fuligineoviolaceus) er en ganske stor og kjøttfull hattsopp som blir blålilla inni når man skjærer den over. Undersiden av hatten er kledd med pigger. Den vokser i furuskoger med kalkrik mineraljord. Blekkstorpigg er bare funnet på tre steder i Norge, hvorav Rottåsberga i Tingvoll er et av stedene. Den kan være sårbar for skogsdrift og utbygging, og er oppført som "kritisk truet" i rødlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Norsk Malurt

Sunndal

 

 


Norsk malurt (Artemisia norvegica) har sin hovedutbredelse i Dovre – Trollheimen – Sunndalsfjella, og har dessuten to små forekomster i Hjelmeland og Jondal. Den trives på rasmark og blokkmark på kalkholdig berg gjerne langt til fjells. Det er mulig at noen forekomster er gått ut på grunn av tiltagende gjengroing i fjellet, og arten er betraktet som "sårbar". Planten er i Sunndals kommunevåpen, og har flere fine bestander i kommunen, f.eks. i Grøvudalen.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Elvesandjeger

Surnadal

 

 


Elvesandjeger (Cicindela maritima) er ei relativt stor og karakteristisk bille, som nettopp er jeger på sandområde langs større elver. Den har gått sterkt tilbake i nyare tid. Den finst no berre ved fire større vassdrag i Noreg. Den har hatt ein tilbakegang i heile landet. Elvesandjeger er funnen i Surnadal kommune, og ein bør sette i gang undersøkingar for å påvise arten på fleire egna stader. Den er dels trua av vass-standsreguleringar, vassløpsendringar og andre menneskelege inngrep. Arten er difor oppført i raudlista som "sterkt trua".
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Elvemusling

Rindal

 

 


Elvemusling (Margaritifera margaritifera) finnes i elver og bekker i lavlandet over det meste av Norge, men antall lokaliteter har gått ned med mer enn 30 prosent etter 1900. De fleste bestandene sør for Dovre har problemer. På tross av at noen bestander synes å ta seg sakte opp, forventes det fortsatt bestandsnedgang. Elvemusling er oppført i rødlista som "sårbar", og regnes som norsk ansvarsart fordi vi kanskje har så mye som en firedel av alle verdens elvemuslinger. Det er utarbeidet en handlingsplan for elvemuslingen.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken 
Faktaark (pdf-fil)
Gulfotvokssopp

Halsa

 


 

Gulfotvokssopp (Hygrocybe flavipes) er en gråfarget hattsopp som vokser i ugjødsla naturbeitemarker. Den er funnet noen ganger i Halsa, og kan være sårbar for gjengroing eller gjødsling i beitemarkene. Gulfotvokssopp er oppført som "nær truet" i rødlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Gul slimvokssopp

Smøla

 

 


Gul slimvokssopp (Hygrocybe vitellina) er en vakker liten hattsopp som vokser i ugjødsla beitmarker på ytterste del av kysten. Arten er sårbar for gjengroing, oppdyrking eller nedbygging, og er oppført som "sårbar" i rødlista.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken
Kastanjefiltlav

Aure

 

 


Kastanjefiltlav (Fuscopannaria sampaiana) vokser ved kysten, gjerne på grove lauvtrær eller mosedekte bergvegger i blandingsskog. Kastanjefiltlav er ”sårbar”, særlig pga hogst.
Se postkortet (pdf-fil). Lær mer hos Artsdatabanken

Oppdatert: 09.09.2010