Offentleg journal

Direktoratet for naturforvaltnings offentlege elektroniske postjournal vert offentleggjort kvar arbeidsdag. Han inneheld dei dokumenta som vart journalførte dagen før.

Journalen er å finna på Offentleg elektronisk postjournal (OEP), www.oep.no. Her kan du gjera både enkle og meir avanserte søk etter dokument produserte eller mottekne av statsforvaltninga langt bakover i tid. Du kan også bestilla dokument på denne sida.

Direktoratet for naturforvaltning har vore knytta til løysinga sidan oktober 2010.