Jondal nasjonalparklandsby

Jondal kommune ligg i Hardanger i Hordaland fylke. Kommunen har omlag 1025 innbyggjarar, har 50 km strandline og eit landareal på 210 km2. Folgefonna nasjonalpark utgjer 1.19 km2 av kommunen sitt areal.

Jondal nasjonalparklandsby
Jondal nasjonalparklandsby
© Jondal nasjonalparklandsby

Kommunesenteret Jondal har status som nasjonalparklandsby. Lokale verdiar er knytt til natur, kultur og reiselivsnæring. Nasjonalparklandsbyen knyter fjorden, fjellet og fonna saman i ei heilskapeleg oppleving med sin geografi og tilkomst. Her fins is og bre, stein og fjell, fossar og fjord kombinert med estetikk, handverk og næringsutvikling. Bygningsmassen er særeigen med kvite sveitserhus og helletak. Frå sentrum er det omlag 20 km (Og 1200 høgdemeter) til Folgefonn Sommarskisenter i retning Krossdalen. Jondal er den einaste kommunen kring Folgefonna som har bilveg heilt fram til brekanten. I Jondal kan du og få ”smaken av nasjonalparken ” – gode råvarer, tradisjonelle oppskrifter med nyskapande element er sett saman til ein eigen nasjonalparkmeny.

Jondal sentrum er kommunesenter med omlag 400 innbyggjarar.

Kommunesenteret er lokalisert geografisk omlag midt i kommunen, og har infrastruktur som ein liten tettstad med to daglegvarebutikkar, hotell og gjestgjevarstad, gjestetun, landsbykontor, turistkontor og andre serviceinstitusjonar.

Kommunesenteret har ferjekai med avgangar til Tørvikbygd omlag kvar time, busstopp for bussar til Utne og bussruter i kommunen.

Viketunet, eit gamalt bygdetun, ligg i sentrum. Det er og nokre industribedrifter knytt til sentrum.

Jondal Stål er ei moderne verksemd som arbeidar i stål og aluminium. Folgefonn Design lagar møblar og innreiing og her fins og Bunadsstova.

Oppdatert: 22.07.2010
Fakta om nasjonalparken
Fylker: Hordaland
Opprettet: 29.04.2005
Totalt areal: 545 km2